Kajakkurs i verdsarven

Neste kurs: 1. mai klokka 12

2-4 personar

4 timar

Inkludert: Sertifisert guide, kajakk og utstyr, våttkort

Fra: kr 990

Fjord Nature arrangerer regelmessig introduksjonskurs i havpadling i løpet av vår/sommer. Kursa foregår i Sunnylvsfjorden frå vår Basecamp på Hellesylt.

1/9

Her blir ein introdusert til kajakk og utstyr. Kurset har som mål å motivere for vidare padling, og at ein er blitt kjent med kajakk, åre, vest og spruttrekk. Eit perfekt utgangspunkt for grunnkrus i både elv og hav.

Litt om kurset

Eit typisk kurs begynner på Fjord Nature bascamp med ein kaffekopp, introduksjon av utstyr og ein liten sikkerheitsbrief. Deretter er det på tide å tilpasse utstyret, før vi kjem oss ut på vatnet. Vi begynner med lett teknikk og kontroll av båten. Hofte og overkropp får ofte trent seg litt her.

Gå rundt i kajakken

Når vi har blitt trygge i kajakken er det på tide å tippe rundt og trekke seg ut. Dette er noko som mange gruar seg til, men det viser seg ofte å være det aller kjekkaste på heile kurset. Instruktøren kan stå rett ved sida av første gongane, for at det skal følest enda tryggare.

Teknikk og redningsøvelsar

Mot slutten av kurset går vi gjennom dei viktigaste redningsøvelsane og teknikkane, før vi tek oppsummering og repetering av ting som kjem opp.

Våttkort

Etter at kurset er ferdig kan ein gratulere med gjennomført introduksjonskurs i kajakk, få utdelt våttkort og håpe på mange flotte padleturar i framtida.


Har du eit ønske om kurs ein anna dato eller stad?

Ta kontakt og vi er svært fleksible i både stad og dato. 


Kva er våttkort?

Norges padleforbund sin utdanningsstige heiter våttkort. Dette er utarbeida for å få ein felles forståelse av kompetansen innanfor dei forskjelege padlegrenene. Våttkortstigen kan variere gjennom dei forskjellege greinane, men for havpadling går den for eksempel slik: Introduksjonskurs – grunnkurs – teknikkurs – aktivitetslederkurs – vidergåendekrus – veilederkurs.


For å kunne leie kajakker krevs det ofte at ein har våttkort, både i Norge og utlandet. Norges padleforbund er meldem av European Paddlepass, noko som gjer at våttkorta har internasjonal betydning.


Alle Fjord Nature sine guidar og instruktørar har minimum aktivitetsleder i våttkortstigen.

Ta med:

  • Ullundertøy

  • Tørre klær (ekstra skift)

  • Litt mat/snack

  • Godt humør!

  • Kamera

Fra: kr 990

Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.