Kva er våttkort?


Fjord Nature får ofte spørsmål om våttkort. Alle våre kajakkurs resulterar i våttkort. Då har deltakeren bevis på gjennomført kurs og er sikra riktig kompetanse.


Norges padleforbund

Norges padleforbund sin utdanningsstige heiter våttkort. Dette er utarbeida for å få ein felles forståelse av kompetansen innanfor dei ulike padlegreinene. Våttkortstigen kan variere frå dei ulike greinene. For havpadling går den for eksempel slik: Introduksjonskurs – grunnkurs – teknikkurs – aktivitetslederkurs – vidergåendekrus – veilederkurs.


Oblat

Etter kurs får ein utdelt eit plastkort og oblat. Dette kan brukas som bevis for at ein har gjennomført våttkort. Om ein tar fleire våttkortkurs får ein utdelt nye oblat som ein klistrar på kortet. Det står eit nummer på kortet som blir registrert i ein database. Her blir det oppretta ein personleg brukar som gjer at ein lett kan holde orden på utdanninga i våttkortstigen.


Vurdering

Krav for å få utdelt våttkort er å ha gjennomført eit våttkortkurs og vist til instruktøren at ein beherska krava. Det er ingen eksamen eller teoretisk prøve, og instruktørar brukar å være veldig behjelpelige om det er noko ein må jobbe litt meir med.


Kostnad

Sjølve kortet kostar 100 kroner, men er inkludert i alle Fjord Nature sine kajakkurs. Einaste kostnaden med våttkort er pris på kurs, som ofte ligg mellom 1000-4000 kroner.


Kajakkutleie

For å kunne leie kajakker krevs det ofte at ein har våttkort, både i Norge og utlandet. Norges padleforbund er meldem av European Paddlepass, noko som gjer at våttkorta har internasjonal betydning. Fjord Nature tilbyr utleie av kajakk både med og utan våttkort. Dette er avhengig av kva utstyr som blir leid ut.




Fjord Nature kompetanse

Alle Fjord Nature sine guidar og instruktørar har minimum aktivitetsleder i våttkortstigen.

Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.