Fossevandring Hellesylt, må opplevast!


Verdas vakreste fossevandring? Tilgjengelig for alle og nærkontakt med vill natur.


Nærkontakt med naturkreftene.

Hellesylt kan by på det meste. Fossevandring rundt Hellesyltfossen er nok ein av dei mest tilgjengelige aktivitetene på Hellesylt, og kanskje den mest spektakulære. Turen er ikkje så lang, men med fotostopp og historiske avstikkera kan ein fort bruke eit par timar. Det går gangveg heile vegen rundt i tillegg til at det er muligheter for å gå så tett inn på fossen at fossespruten slår i ansiktet. Ein har også panoramautsikt over Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden heile vegen. Dette er spektakulært!


Ærverdige bruer


Hellesylt bru, 3 spenn på 11 meter, ferdigstilt i 1902.

Nydelig utsikt frå Høge bru.

Turen omfattar kryssing av to svært vakre ærverdige bruer. Hellesylt bruog Høge bru må begge kryssast og er ein attraksjon i seg sjølv. Hellesylt bru har 3 spenn på 11 meter, og sto ferdig i 1902. Høgebrua er bygd i teglstein og sto ferdig i 1907.






Kvernhus og Kirke


Eit sjeldant godt bevart kvernhus kan besøkast undervegs.

Fossevandringen går forbi både eit sjeldant godt bevart kvernhus og fantastiske Sunnylven Kirke. Dette er bygningar som begge har betydd mykje for lokalsamfunnet med mykje hisotrie. Sunnylven Kirke er fortsatt ein viktig samlingstad både i glede og sorg, samstudes som det gjer seg svært godt på bilder og visuelt.


Trehusbebyggelse


Flott avslutning på turen i nydelig trehusbebyggelse.

Turen vert avslutta gjennom den gamle trehusbebyggelsen på Hellesylt. Her kan ein sjå ærverdige flotte bygningar med flott arkitektur. Ein flott tur med der ein har absolutt alt!


Meir utfordring



Ønsker ein meir utfordring enn ei fossevandring, bli med på elvepadlekurs da. Om du ønsker å sjå fossen frå ein anna vinkel kan du bli med oss på ein guida fjord padletur. Vi sjåast!

Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.