Fjord padling frå Hellesylt - forlatt fjordgård


Det er ikkje mykje som slår fjordpadling frå Hellesylt


Ein flott dag for fjordpadling med blikkstille vatn og sol frå klar himmel. Fjord Nature tok turen frå Hellesylt mot Bjørkeneset. Bjørkeneset er ein fråflytta fjordgard midt i Sunnylvsfjorden ved inngangen til Geiranger og Geirangerfjorden.


Dette var hovudvegen før i tida


Tragisk historie

Det er kanskje ikkje utan grunn at det ikkje lenger bur folk på Bjørkeneset. Her gjekk det eit steinras medan foreldra var på handel på Hellesylt. Når dei kom tilbake var gården skylt på fjorden og ungane døde.


Finn vi spor etter hus?

Vi er spente å sjå om vi kan finne spor etter husa. Vi har fått fortalt at det kun står ei løe igjen. Ved landgangen langs fjorden kan vi sjå restar av godt handtverk og ein flott mur. Vi følgjer den mest naturlege råsa oppover den bratte fjellsida. Vi forstår at dei som har budd her må ha vore i veldig god form.

Landgangen ved Bjørkeneset

Bjørkeneset


Løa på Bjørkeneset

Plutseleg ser vi at terrenget flatar ut, og at det kjem nokre murar til syne. Lenger oppe ser vi eit møne stikke fram. Det viser seg å være løa som vi har blitt fortalt om. Etter nærare kikk ser vi dessverre at halve taket er rast ned, medan resten står for gyngande grunn. Likevel er det spennande å sjå korleis det står til med denne forlatte fjordgården. Ein stad der vi kan forstå at det har vore liv.



Desverre har løa forfalt og taket rast saman


Kajakkurs og guida kajakkturar

Ønsker du å bli med på turar som dette? Fjord Nature arrangerar både turar og kurs i padling, og vi er ute etter å gi alle den beste opplevinga dei kan få. Velkommen til oss!


Ta kontakt om du ønsker å bli med på kajakktur








Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.