16. mai pudder til folket


Johan Eirik godt fornøgd med puddersnøen.

Denne dagen bør skrivast i historiebøkene. Skikøyring i 30 cm fersk nysnø i midten av mai hører nok til sjeldenheten, og stor kontrast for gårsdagens kajakkurs. Sunnmøre har virkelig vore heldige (eller uheldige?) med værgudane desse dagane.


Magiske Hornindal


Sola titta fram

Vi tok turen til magiske Hornindal og gjekk to rundar i ein flott og åpen skog der. Her var det ingen andre spor, så vi hadde heile området for oss sjølv. Snøen var overaskandes tørr heile vegen, men etter andre runden skimta sola gjennom og det blei med ein gong meir "kram" snø.


Guida topptur

Ta kontakt med oss om du vil ha ein guida skitur. Det er fortsatt mykje snø i fjellet, og denne skisesongen blir nok lang.


På tur opp skogen.

17. mai

Etter ein herlig dag i Hornindal sine bortgjemte skogar blir det nok ei veldig flott 17. mai feiring. For dei ivrige blir det kanskje ein tur på 17. mai også?



Vi sjåast!

Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.