10 gode grunnar til å padle kajakk!


Padling i verdsarven frå Hellesylt.

Kajakkpadling er blitt veldig populært. Her er 10 veldig gode grunnar til å begynne med padling. Husk at du kan melde deg på kurs med Fjord Nature og lære padling av sertifiserte instruktørar.



Naturmøte

I ein kajakk kjem ein svært tett på naturen. Faktisk sitt ein nesten under vassoverflata når ein padlar. Dette gjer at naturinntrykka blir større, fisk, fugl og dyreliv kjem tett innpå. Ein ser landskap frå ein heilt anna vinkel, som gjer at det visuelle inntrykket vert mykje større.


Ein kjem tett på naturen når ein padlar. Her frå elvepalding.

God trening


Når ein padler trenar ein heile kroppen - utan å tenke over det.

Om ein ønsker å bli godt trent på ein rask, effektiv og kjekk måte er kjakkpadling tingen. Her brukar ein faktisk heile kroppen, då det perfekte padletaket ligg i både rygg, hofte, mage, bein og skuldrar.


Sosialt miljø


Samarbeid er viktig i padling, og gir gode miljø.

Ingenting er bedre enn å padle i saman med andre. I padling er alle hjartleg velkommen. Det å jobbe saman som ei gruppe er viktig for å få gode opplevingar.


Mestring

Det er uttalege teknikkar og mulighetar innanfor padling. Dette gjer at ein kan jobbe målbevist mot å lære seg nye teknikkar eller displinar, og dermed oppleve stor mestring.


Psykisk helse


Kajakkpadling hjelper nok godt på psykisk helse.

Det hjelper nok godt på den psykisk helsa å padle i kajakk. Natur, fysisk trening og soisialt miljø er viktige for ei god psykisk helse. Alt dette kan ein få ved å lære seg å padle kajakk.


Opplev nye stader


Ved hjelp av kajakk kan ein nå stader ein berre kan drøyme om.

Ved hjelp av kajakk kan ein finne fram til idylliske stader der det svært sjeldent er mennesker. Dette fordi ein kan komme seg til stader som kun er muligheit å komme sjøvegen fra, og der ein kanskje ikkje kan legge til ved hjelp av båt.


Enkelt og greit

Ja, padling er enkelt å greit. Når ein først har utstyret er det berre å skifte og sette seg i kajakken. Klarer ein å skaffe seg ein lagringsplass ved eit vatn eller sjø blir det enda enklare å ta ein padletur.


Uendelige muligheter


Padling ned ei roleg elv på Hellesylt


Ein kan padle både i sjø, fjord, elv, fjellvatn, kanalar og det som måtte være. Vatn er det nok av i verden, det einaste som stoppar er om ein har dei riktige ferdighetene og utstyret.


Fisking og jakt

Er ein interessert i fisking eller jakt er kajakkpadling ein perfekt måte å drive dette med. Ein kan nå den beste fiskeplassen, eller komme seg lydlaust til post på jakt.


Kryssing av vatn/elv på tur

Det er komt mange gode packrafter som er spesialtilpassa å krysse elver eller fjellvatn på tur. Desse kan være så lette som under 2 kg! Perfekt å ha i sekken på tur.


Ønsker du å lære deg å padle kajakk?

Meld deg på eit av Fjord Nature sine kajakkurs. Her kan du velge mellom elvepadling og havpadling, våttkort er inkludert i alle våre kurs.

Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.