10 gode grunnar til å besøke Hellesylt


Hellesylt er absolutt ein stad verdt å besøke

Hellesylt er ei fjordbygd innerst i Storfjorden på Sunnmøre. Omkransa av fjell og fjord gjer dette til ein naturskjønn stad å besøke. Enkel tilkomst via fylkesveg 60 eller ferge frå Geiranger gjer at det absolutt er verdt eit besøk. Vi har samla 10 gode grunner for å besøke Hellesylt.


Spektakulær natur


Utsikt frå Skaret. Ein av dei mange turane ein kan gå frå Hellesylt.

Ønsker du å oppleve spektakulær natur er Hellesylt staden. Den majestetiske fjorden og dei bratte fjella gjer at ein kan få panoramautsikt utanom det vanlege. Det er i tillegg uttalege store fossar og elvejuv ein kan besøke. Norangsdalen, Geirangerfjorden, Den Trondhjemske Postveg er berre få eksempel på kva som er verdt å besøke.


Inngangen til UNESCO verdsarv vestnorsk fjordlandskap


Geirangerfjorden med Skageflå og Dei Sju Søstre er verdt eit besøk. Foto: Adobestock

Hellesylt ligg rett ved verdsarven vestnorsk fjordlanskap og er eit perfekt utkangspunkt om ein vil oppleve dette. Her har ein både Geirangerfjorden og fjellområda rundt. Ferga Hellesylt - Geiranger er eit spektakulært fjordcruise som startar på Hellesylt.


Perfekt utgangspunkt for kajakk og padling


Fjord padling til ein forlatt fjordgård.

Det er ikkje mange stader det ligg så godt til rette for spektuklære kajakkturar. Padling i Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden eller på eit av dei mange fjellvatna er ein sikker vinner. Med Fjord Nature kan ein både ta kajakkurs eller gå for ein guida kajakktur. Lange daler, isbrear og snøsmelting gjev perfekte forhold for elvepalding. Enten det er lavterskel familiepadling eller meir ekstrem elvepadling er Hellesylt eit perfekt utgangspunkt som allerede er verdenskjent i padlemiljøet.


Hellesyltfossen



Ja, Hellesylt har ein eigen foss som renn ut midt i sentrum. Det er få stader i verda ein kan komme så tett inn på ein mektig foss som dette. Denne må opplevast, og det er nok ikkje å ta i om dette er eit av dei mest fotograferte motiva i heile Norge.


RIB tur



Bli med på RIB-båt tur frå Hellesylt. Bonseye er ei lokal reislivsbedrift som tilbyr RIB-turar frå Hellesylt og inn i Geirangerturen. Ei fartsfylt og historierik oppleving.


Lokal mat

Ole Ringdal produserar lokale og svært kortreiste kjøttvarer. Her kan du nyte smaken av deilig spekekjøtt produsert i Hellesylt sentrum med kjøtt frå lokale gårdbrukera.


Kaffebar og Pizzarestaurant


Mykje fristande på Hellesylt Boutiqe & Bar

Hellesylt har både ein kaffebar og pizzarestaurant det er verdt å besøke. Hellesylt Boutiqe & Bar tilbyr kake, kaffe og koslig vertskap. Dei har også salg og bytte av bøker som gjer at ein kan fordjupe seg i god litteratur medan ein nyter ein fersk cappuccino og heimelaga kake. Ein perfekt aktivitet etter ein dag ute i naturen.

Øcal Hellesylt tilbyr fantatisk god pizza i idylliske lokaler like ved Hellesyltfossen. dei har også andre gode matrettar for dei som ikkje foretrekk pizza. Perfekt for å fylle ein middagsulten mage etter ein kajakktur i Sunnylvsfjorden.


Sunnylven Kirke

Er du interessert i arkitektur og historie. Da bør du besøke Sunnylven Kirke. Eit flott bygg med mykje interessant historie. Kirka vart bygd i 1859, men det har vore kirke på Hellesylt sidan år 1150.


Henrik Ibsen og Peer Gynt

Henrik Ibsen besøkte Hellesylt på reisa han hadde sommeren 1862. Han har sidan den god vore ein Hellesylt-venn, og tatt inspirasjon frå det han opplevde på Hellesylt i fleire av verka sine. Det mest kjende verket med inspirasjon herifrå er Brand. Her er det både beskrivelse av personar, landskap og kirka som stammar frå Hellesylt. I dag kan ein finne utskjæringar i tre med inspirasjon frå Peer Gynt utstilt på Hellesylt. Eit flott kulturelt innslag.


Devold utsalg

Det er om sommaren eit eget Devold utsalg på Hellesylt. Her kan ein gjer eit kupp på kvalitetsklær i ull.



Org. nr: 923 568 697

Hellesyltvegen 37, 6218 Hellesylt

phone: (0047) 417 58 796

©2020 by Fjord Nature.