Stad: Geiranger Varigheit: 6-timer Pris: 1400,-

Høgdepunkt

  • Oppleve gamle fjellgarder
  • UNESCO verdensarv
  • Kajakk og fottur

Turen

Bli med på ein rundtur med kajakk og vandring til fjellgarden Skageflå i Geirangerfjorden. Turen startar ved Fjord Nature sin basecamp i Geiranger, og herfrå vil den lokale guiden din ta deg med på ein 6 timars padle- og vandretur inn i majestetisk fjordlandskap. Saman med guiden skal de utforska fjorden, fossefalla og den unike hyllegarden Skageflå.

Geirangerfjorden er ein del av UNESCOs verdsarvliste, og det er ikkje utan grunn. Fjordane vart grave ut under den siste istida, og dei store isbreane la igjen eit unik landskap av djupe fjordar og majestetiske fjell. På turen vil du oppleva den djupe blå Geirangerfjorden som er omringa av gamle setrar langt oppe på fjellhyllene, grøn og frodig natur, og ikkje minst sjå fortryllande fossefall.

Frå Fjord Nature basecamp i Geiranger padlar vi ut forbi Homlung, og vidare langs fjorden til Skagehola. Padleturen tar mellom 1-2 timar.  Herfrå får ei utsikt over fjorden, og kjente fossefall som De Syv Søstre og Friaren. På Skagehola går vi ut av kajakkane, og byrjar oppstigninga mot fjellgarden Skageflå. Turen opp smyg seg langs fjellsida i bratt terreng, med fantastisk utsikt over fjell, fossefall og fjellgardar. Stien er godt sikra med rekkverk og trinn i dei mest utsette partia. Vel framme på Skageflå blir det ein lunsjpause med historier frå den lokale guiden, før turen fortset opp mot Homlungsætra, som er høgaste punkt for turen (544 m.o.h). På vegen tilbake følgjer vi stig frå Homlungsætra og tilbake til Geiranger sentrum, ein etappe i lettgått terreng på ca. 2 timar. Guiden vil gi instruksjonar i padling, fortelja spennande historier om området og vareta trygginga gjennom heile turen. 

Inkludert

  • Lokal sertifisert naturguide
  • Teknikk og sikkerhetsbrief
  • Kajakk og kajakkutstyr

Ta med

  • Klede etter vêrforhold (Regntøy er anbefalte viss det reknar)
  • Ekstra varme klede
  • Passande skotøy (joggesko eller fjellsko)
  • Solkrem/solbriller
  • Drikkeflaske
  • Kamera om ønskeleg
  • Lunsj (dette kan bestillast) og eigen snacks

Kven passar turen for?

Turen passar for dei fleste nivåar og en må ikkje ha padleerfaring frå før av. Delar av partiet vi skal gå er i bratt terreng, så dette må en beherske. 
Kajakkane vi bruker er dei stabile sit-on-top fjord kajakkane. Desse er svært nybegynnar vennlege, og krev ingen forkunnskaper om padling. Kajakkane passar til alle nivå, og sjølv barn kan bli med i leie med ein vaksen. Vi tilbyr singla kajakkar og tandem kajakkar, for både enkeltpersonar og heile familiar. Håper du vil vera med oss på ein trygg og opplevelsesrik kajakk- og vandretur i Geirangerfjorden!

Oppmøte

Basecamp, Geiranger

Varighet: 6 timer

Kart Fjord Nature basecamp Geiranger

Vi har lokaler i samme bygg som Havila Hotel Geiranger. Dette gjer at vi er svært fleksible på åpningstider! Dersom vi ikkje er til stades, så kontakt resepsjonen på hotellet.