Høgdepunkt

  • Våttkort
  • Sertifisert instruktør
  • Vakre omgivelsar
  • UNESCO verdensarvfjord
  • 4-timar

Bli med på kajakkurs i den berømte UNESCO Geirangerfjorden frå Fjord Nature sin basecamp i Geiranger. Her blir ein introdusert til kajakk og utstyr. Kurset har som mål å motivera for vidare padling, og at ein er vorte kjent med kajakk, åre, vest og spruttrekk. Eit perfekt utgangspunkt for grunnkurs i både elv og hav.

Inkludert

  • Kajakk, åre, vest og spruttrekk
  • Tørrdrakt
  • Instruksjon frå instruktør

Ta med

  • Drikke & Matpakke/snacks til 4 timar ute
  • Ullundertøy
  • Ekstra skift
  • Sko som kan bli våte

Kurset

Eit typisk kurs begynner på Fjord Nature sin bascamp i Geiranger med ein kaffekopp, introduksjon av utstyr og ein liten sikkerheitsbrief. Deretter er det på tide å tilpasse utstyret, før vi kjem oss ut på vatnet. Vi begynner med lett teknikk og kontroll av båten. Hofte og overkropp får ofte trent seg litt her.

Gå rundt i kajakken 

Når vi har blitt trygge i kajakken er det på tide å tippe rundt og trekke seg ut. Dette er noko som mange gruar seg til, men det viser seg ofte å være det aller kjekkaste på heile kurset. Instruktøren kan stå rett ved sida av første gongane, for at det skal følest enda tryggare.

Teknikk og redningsøvelsar 

Mot slutten av kurset tar vi oss ein lenger padletur og går gjennom dei viktigaste redningsøvelsane og teknikkane. Dette gjer at ein for ei god oppleving og får testa ut det vi har trent på i løpet av kurset. 

Våttkort

Etter at kurset er ferdig kan ein gratulere med gjennomført introduksjonskurs i kajakk, få utdelt våttkort og håpe på mange flotte padleturar i framtida. 

Norges padleforbund sin utdanningsstige heiter våttkort. Dette er utarbeida for å få ein felles forståelse av kompetansen innanfor dei forskjelege padlegrenene. Våttkortstigen kan variere gjennom dei forskjellege greinane, men for havpadling går den for eksempel slik: Introduksjonskurs – grunnkurs – teknikkurs – aktivitetslederkurs – vidergåendekrus – veilederkurs.

For å kunne leie kajakker krevs det ofte at ein har våttkort, både i Norge og utlandet. Norges padleforbund er meldem av European Paddlepass, noko som gjer at våttkorta har internasjonal betydning.

Alle Fjord Nature sine guidar og instruktørar har minimum aktivitetsleder i våttkortstigen.

Geiranger

Kurset foregår i Geirangerfjorden som er verdenskjent for sin fantastiske natur. Dette er ei perle som er perfekt for padling, da det er skjerma for dårleg vær i tillegg til at det er noko av den mest utrolege naturen Norge kan by på. Hit kjem folk frå heile verda for å padle i fjordane og oppleve fjell, fossefall og fjord.

Kven passar kurset for?

Kurset passer for deg som aldri har padlet kajakk før, og deg med litt erfaring. Instruktørane er erfarne padlere utdannet innenfor Norges Padleforbund sin våttkortstige og utdannede guider gjennom norsk naturguideforbund.

Oppmøte

Fjord nature basecamp i Geiranger. Møt gjerne 15 min før tida!