Her har vi samla nokre eksempel på perfekte aktiviteter til bedrifter eller større grupper! Ta kontakt med oss for planlegging og bestilling.
Gruppeaktiviteter i 2-3 timer

Ønsker du å bruke ein ettermiddag på noko som alle kan delta på, samtidig som ein er ute i naturen? Då vil vi anbefale tur på elektrisk sykkel. I Ørsta er det eit mangfold av daler og vegar som er svært godt egna for sykkel, og med hjelpemotor blir bakken ein leik. Det er også perfekt å kombinere med ei lita arbeidsøkt ute blandt fjell og natur. Elektrisk sykkel får fram smil på kvar og ein, og dersom du ikkje har prøvd det før blir det vanskelig å komme tilbake til vanleg sykkel. For sykkel er gruppestørrelsen opp til 15 personar.
Gruppeaktivitet i 4-5 timer
Eit kajakkurs som resulterer i våttkort er ein perfekt aktivitet for ein halv dag. Dette er både mestring, glede og samhold i samme pakke. Ein får i tillegg våttkort, som er eit sertifikat ein må ha for å leie kajakk andre stader. Vi kan tilpasse oss kursstad for gruppa, men området rundt Raudøya frå Rjåneset er ofta veldig bra. Vi har kapasitet og utstyr til 15 stykk om gangen.
Dersom du ønsker kajakk, men på ein litt enklare måte, så har vi stabile fjordkajakker. Desse kan padlast av kven som helst, og er nydelig for å teste ut kajakkpadling. Her har vi kapasitet til opp mot 40 stk. samtidig!
For deg som virkelig vil ha utfordring

Dersom du er ein gjeng som skal gjer noko heilt unikt vil vi anbefale klatring på Bladet! Dette er ein dagstur opp i fjellet som blir har som mål å bestige ein pinakkel i Molladalen på Sunnmøre. Siste delen er det klatring med tau, sele og hjelm. Sjølve klatringa er relativt enkel, men det er luftig og spektakulært. Vi har kapasitet til 10 stk. samtidig på denne turen. Her kan du lese meir om klatring på Bladet.
Pris og bestilling
Kontakt oss for endelig pris å bestilling ved å trykke her. Når det gjelder pris så kan ein ta utgangspunkt i rundt 1000 kroner per person på 4-5 timers opplegg, og 600 kroner på 2-3 timers opplegg. Vi tilpasser dette etter ønsker og behov!
Velkommen!