Ein starter frå fylkesveg 60, som går frå Hellesylt til Stranda. Her er det ein parkeringsplass med plass til fleire bilar. Om ein er heldig kan ein ta på seg allerede her. Ein følger den trondhjemske postveg som sirklar seg oppover fjellsida, medan Geirangerfjorden heile tida ligg som eit fantastisk skue i bakgrunnen. Når ein kjem til Ljøsætra går ein eit lite stykke forbi, før ein går vestover Ljøedalen. Her følger ein dalen oppover, og siktar seg inn på det lågaste punktet på ryggen.
Lokalkunnskap
Det er eit svært historisk område då det mellom anna er ein postveg som går her, det har vore bygging av bilveg og tunell i tillegg til at ein passerer forbi Ljøesætra. Så må det seiast at lokalnamnet på toppen er Blåfjellet og ikkje Kvitegga som står på kartet. Blåfjellet kjem frå det spesielle blåaktige lyset ein ser i dalen og rundt toppområdet når sola akkurat har gått ned. Om du ønsker å lære meir om lokalkunnskap anbefaller vi å bli med våre lokalkjendte guidar på tur.
Terreng
Toppen ligg på 1489 moh, og det er om lag 1150 høgdemeter og 4 km frå parkeringa til toppen. Det er jamn stigning frå Ljøsætra og til toppen, med mellom 25 og 30 grader. Ein kremtopp som ofte har gode snøforhold.
Farer
Ved rett sporvalg er dette ein tur som kan gåast utan å være i områder over 30 grader. Det er likevel visse stader der ein må ta ekstra hensyn. Er ein usikker bør ein før turen ha gått gjennom eit skredkurs, eller bli med ein lokalkjent guide på tur. Ein må uansett oppdatere seg på være og føre, noko som varsom.no er eit fint verktøy til. Ein må også være obs på veg ned postvegen. Her er det ikkje noko rekkverk, og det kan være høgt å dette ut for vegen om det er lite snø. Det er også ein wire som går i ein løypestreng som kryssar vegen tre stader. Denne må ein være obs på.
Video
Her er ein video frå når Fjord Nature gjekk opp til utsiktspunktet før Kvitegga. Det er eit flott alternativ om det er dårleg vær eller ein ønsker ein kortare tur. Vær obs på skavelen på kanten.