IMG_20200621_140832-min.jpg


Du har nok tenkt tanken, og fleirtalet vil nok svare ja. Kajakkvelt kan være svært farlig, men også heilt ufarlig. 

Gå rundt i kajakken på kurs

Vi får ofte spørsmål om ein må gå rundt i kajakken på kurs. Svaret er nei, men vi anbefaler alle å prøve det i løpet av kurset. Då får ein prøvd ein kajakkvelt i svært sikre former. Dei aller fleste velger å prøve ein eller fleire veltar, og alle er svært positivt overaska over kor enkelt det er å komme seg ut og rundt.

Kva er farlig med kajakkvelt?

Er ein langt frå land og ikkje klarer å komme seg opp i kajakken er det kan ein kajakkvelt være svært farleg. Er ein nærme land, eller er ein 100% sikker på at ein kjem seg opp er det heilt ufarlig.

padl kjekt.JPG

Kan ein sitte fast i kajakken?

Nei - eller ja, selvfølgelig er det mulig, men då må ein nesten ha prøvd på å sette seg fast. Tenk deg tyngekrafta når ein ligg opp ned, her vil ein berre dette ut av båten før ein egentlig merka at ein er opp ned.

Bør eg melde meg på kajakkurs?

Er du ute etter å lære kajakkpadling på ein trygg og god måte, eller få ei flott naturoppleving i verdensarvfjordane? Då bør du absolutt melde deg på eit kajakkurs. Er du typen som ønsker å lære alt sjølv, eller helst vil padle aleine, då finst det nok mykje informasjon på internett og i padlebøker, eller du kan høyre med oss.

Vi sjåast!

1110856-min.jpg