Grunnkurs havkajakk

Varighet: 2-dager | Pris fra: 2500,- |  Dato: på forespørsel | Nivå: Middels, 12+

Booking og kalender

Høgdepunkt

  • Våttkort
  • Sertifisert instruktør
  • Vakre omgivelsar

Her blir ein introdusert til kajakk og utstyr og ein får god tid til å trene på basisferdigheiter. Etter gjennomført kurs kan ein få utdelt våttkort grunnkurs hav.

Inkludert

  • Kajakk, åre, vest og spruttrekk
  • Tørrdrakt
  • Sikkerhetsbrief

Ta med

  • Drikke/mat til ein heil dag ute
  • Ullundertøy
  • Ekstra skift

Kurset

Eit typisk kurs startar på Fjord Nature basecamp med ein kaffikopp, introduksjon av utstyr og sikkerheitsbrief. Deretter er det på tide å tilpasse utstyret, før vi kjem oss ut på vatnet. Vi begynner med lett teknikk og kontroll av båten. Hofte og overkropp får ofte trent seg litt her.

Når vi har blitt trygge i kajakken er det på tide å tippe rundt og trekke seg ut. Dette er noko som mange gruar seg til, men det viser seg ofte å være det aller kjekkaste på heile kurset. Instruktøren kan stå rett ved sida av første gongane, for at det skal følest enda tryggare.

Etter ein lunsj så tar vi ein lenger kajakktur. Om det er grunnkurs med overnatting går vi gjennom pakking av kajakk før turen går ut til dit vi skal ha camp. Ved kurs utan overnatting padlar vi ei runde på fjorden før vi er ferdig for dagen. Undervegs går vi gjennom teknikk og korleis ein skal bli ein god kajakkpadlar.

Dag 2

Dag 2 startar med ein liten repetisjon av gårsdagen før vi sjøsett kajakkane. Her satsar vi på ein lenger tur der vi gjennom turen stoppar og trenar på teknikk og sikkerheitsrutiner. Vi finn ein flott stad for lunsj, der det kanskje kan være moglegheit for eit raskt bål. Mot slutten av dagen får alle moglegheit til å lede gruppa og føle korleis det er å være på tur utan instruktør til stades.

Etter at kurset er ferdig har vi ei samling på Fjord Nature basecamp før vi takkar av for eit fantastisk kurs og får utdelt våre våttkort.  

Området

Kurset foregår i Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden som er verdenskjent for sin fantastiske natur. Dette er ei perle som er perfekt for padling, da det er skjerma for dårleg vær i tillegg til at det er noko av den mest utrolege naturen Norge kan by på. Hit kjem folk frå heile verda for å padle i fjordane og oppleve området rundt. 

Kven passar kurset for?

Kurset er perfekt om du aldri har padla kajakk, eller ønsker å lære meir om kajakkpadling. Det passar for folk i alle aldra, så lenge ein er svømmedyktig og klarer å reise seg opp og ned utan problem.

Kva er våttkort?

Norges padleforbund sin utdanningsstige heiter våttkort. Dette er utarbeida for å få ein felles forståelse av kompetansen innanfor dei forskjelege padlegrenene. Våttkortstigen kan variere gjennom dei forskjellege greinane, men for havpadling går den for eksempel slik: Introduksjonskurs – grunnkurs – teknikkurs – aktivitetslederkurs – vidergåendekrus – veilederkurs.

For å kunne leie kajakker krevs det ofte at ein har våttkort, både i Norge og utlandet. Norges padleforbund er meldem av European Paddlepass, noko som gjer at våttkorta har internasjonal betydning.

Alle Fjord Nature sine guidar og instruktørar har minimum aktivitetsleder i våttkortstigen.

Oppmøte

Fjord Nature basecamp Hellesylt. Møt gjerne 15 minutt før tida.